Vedtekter for vegen Kalvbakklie-Nordfjellstølen

Vedtekter for vegen Kalvbakklie-Nordfjellstølen

§ 1. VEGEN
Vegen Kælvbakklie – Nordfjeldstølen, heretter kalla laget, omfattar vegstrekninga frå riksveg 33 fram til Øverliakrysset ( 5,3 km) og sidevegen, inklusiv snuplass, til Kalvbakkli Hyttetun (800m). 
Laget har og ansvaret for brøyting av felles parkeringsplassar. 
§ 2. PARKERINGSPLASS
Laget betaler godtgjersle til grunneigar for bruk av dei felles parkeringsplassane som tilhøyrer gnr. 137/2, Nordfjellstølen. Godtgjersla er 300 kr/år og hytte som soknar til desse plassane. Beløpet kan indeksregulerast kvart femte år.
§ 3. FORMÅL OG ØKONOMISK ANSVAR 
Laget har til formål å halde vedlike og sørgje for tilstrekkeleg vegstandard på vegen – om nødvendig ved opprusting/omlegging. Vegen skal på tidsmessig måte tene skog-, utmarks- og hytteinteressene innanfor dekningsområdet til vegen. Vegen skal vera heilårsveg fram til Nordfjeldstølen og Kalvbakkli Hyttetun. 
Laget skal arbeide for at vegen Kælvbakklie – Nordfjeldstølen, i størst muleg grad fyller krava til skogsbilvegklasse 3. Sidevegen til Kalvbakkli Hyttetun og vegen frå Nordfjeldstølen til Øverlia krysset, skal ha standard ikkje dårlegare enn dagens nivå. Eventuell nødvendig opprustning til høgare vegklasse av sidevegen i samband med skogsdrift, skal ikkje finansierast av laget. 
Laget har delt begrensa ansvar i samsvar med andelen i laget, jf. § 4. (proratarisk ansvar). 
§ 4. EIGARSKAP OG MEDLEMSSKAP
Vegen frå riksvegen fram til den gamle stølsvegen ved grensa mot Ton, gnr. 103/1, er eigd i fellesskap av eigaren av gnr. 137/2 i Etnedal kommune og eigaren av gnr. 103/21 i Nord-Aurdal kommune, med 50 % kvar. 
Frå grensa mot Ton og opp til Øverliakrysset er vegen eigd 100% av eigaren av gnr. 137/2. 
Sidevegen til Kalvbakkli hyttegrend er eigd 100% av eigaren av gnr. 103/21 og 73.
 
Fylgjande er med i laget:
1. Andel i vegen: 
Gnr. 137/2 i Etnedal kommune, Ødegård/Brekke andel 65 % 
Gnr. 103/21 og gnr. 103/73 i Nord-Aurdal, Engelschiøn andel 35 % 
  
 2. Bruksrettshavar i vegen 
2.1 Gnr. 103/1 i Nord-Aurdal Rosenlund. 
2.2 Ein hytteeigar med varamedlem vald av Nordfjellstølen Hytteeierforening. 
Medlemsskapet fylgjer eigedomane og kan ikkje skiljast frå denne. Dersom ein eigedom under nr. 1 og 2.1 blir delt og den frådelte parsell er landbrukseigedom som soknar til vegen, har denne rett og plikt til å bli med i laget. Andelsfordeling mellom den frådelte parsell og hovudbruket, blir å fastsetje mellom seljar og kjøpar. Melding om fordelinga blir å sende styret.
Som nye medlemer kan etter søknad takast opp andre eigedomar i området og andre som laget er interesserte i å ha som medlemer. 
 § 5. ANDRE BRUKARAR AV VEGEN 
1. Hytteeigarane 
Betalt årsavgift til laget, er eit vilkår for at hytteeigarane kan bruke vegen, inklusiv dei felles parkeringsplassane, for seg og sine husstandsmedlemer. Bruksretten gjeld og ved all framleige og utleige. 
2. Skogeigarar som ikkje er med i veglaget 
Desse avtaler bruk av vegen med leiar, jf. § 10.
3. Fastbuande i Tonbygda
Desse brukar vegen fritt til anna blir vedteke. Dette gjeld ikkje utøvarar av næringsverksemd.
4. Tilfeldig besøkande 
Desse betaler bomavgift. 
Brukarane må rette seg etter dei vedtak som gjeld for bruken av vegen. 
 
§ 6. ARBEIDSÅR OG FORPLIKTELSE
Rekneskaps- og arbeidsåret fylgjer kalenderåret. Laget blir forplikta av leiar innafor ramma av vedtektene, vedtak, godkjent arbeidsplan og budsjett. Laget blir ikkje forplikta ut over denne ramma med mindre heile styret godkjenner det. 
§ 7. ÅRSMØTE
1. Konstituering
Årsmøtet er laget si øvste myndigheit. 
Ordinært årsmøte skal haldast innan 1.juli kvart år.
Medlemmene inklusiv varamedlem i styret, har rett til å delta på årsmøtet, jf. § 4 
Det er berre medlemmene opprekna i § 4, nr. 1, som har stemmerett. 
Alle med møterett, har tale- og forslagsrett. 
Eit medlem kan la seg representere ved fullmektig med skriftleg fullmakt. 
Medlemmene blir kalla inn av leiar. 
 
Innkalling til medlemmene skal skje skriftleg med minst to vekers varsel. Saklista skal stå i innkallinga.
Årsmøtet kan ikkje gjera bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga.
Saker som ein vil ha behandla på årsmøtet, må vera innkomne til styret innan 1. april.
 
Årsmøtet er vedtaksfør når innkallinga har skjedd på lovleg måte.
2. Vedtak
Det enkelte vedtak på årsmøte blir gjort med vanleg fleirtal (simpelt relativt fleirtal) blant dei frammøtte med stemmerett. Dersom det blir sett fram krav om det, skal stemmeretten graderast i forhold til andel, jf. § 4. Tiltak i samsvar med føremålet i § 3, skal likevel gjennomførast sjølv om det ikkje ligg føre fleirtal rekna etter andel, når minst eit medlem opprekna i § 4 nr. 1, stemmer for tiltaket.

 

Ved val kan det ikkje brukast gradert stemmerett. Kvart medlem har då ei stemme. 
Stemmelikheit blir avgjort ved loddtrekning. 
Vedtak må ikkje påføre noko medlem større kostnader og ulemper enn nytte. Vedtaket må heller ikkje føre med seg usakleg skilnad på rettane til fleirtalet og mindretalet. Vedtaket må ivareta fellesskapets vel og ikkje gje urimelege fordelar til fleirtalet til skade for mindretalet. Medlem som meiner eit fleirtalsvedtak er i strid med desse vilkåra, skal løyse tvisten etter 
§ 18. 
 3. Årsmøtet skal:
  • Velja ordstyrar.
  • Velja protokollførar.
  • Godkjenne innkalling, fullmakter og sakliste.
  • Behandle styret si årsmelding og den reviderte rekneskapen, arbeidsplan og budsjettforslag. 
  • Velja uavhengig revisor 
  • Velja leiar når ny må veljast, jf. § 10.
  • Behandle innkomne saker.
  • Vedta års-, bom- tilknytings- og særskilte avgifter.
  • Andre saker som er nemnde i innkallinga.
 4. Vidare kan årsmøtet m.a.:
  • Vedta opptak av nye medlemmer og dei økonomiske og formelle vilkår for dette.
  • Vedta endringar av vedtektene, jf. § 20.
  • Vedta større omleggingar/utbetringar, evtuelle nyanlegg av vegen.
  • Vedta innkjøp av utstyr.
  • Vedta innbetaling av forskot. 
  • Vedta å forsikre seg mot erstatningsansvar.
  • Vedta andre saker som vedkjem vegen.
  • Vedta godtgjersle for tillitsvalde.
 5. Vedlikehald/ opprustning og event. omlegging 
Medlemmene utarbeider i samråd med kvarandre opprustnings- og prioriteringsplan for vegen. Denne planen skal leggjast til grunn for årsmøte sine vedtak når det gjeld vedlikehald, opprustning og eventuell omlegging av vegen, jf. § 7 nr. 3 og 4. 
Det skal førast protokoll for møtet. Protokollen skal underskrivast av dei frammøtte og skal sendast medlemmene. 
§ 8. EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når minst to i styret krev det. Frist og framgangsmåte for innkalling er den same som for vanleg årsmøte. Saklista skal stå i innkallinga. Det kan berre bli gjort vedtak i dei saker som er nemnde i innkallinga.
Det skal førast protokoll for møtet. Protokollen skal underskrivast av dei frammøtte og sendast til alle medlemmene. 
§ 9. STYRET
1. Samansetjing
Laget blir leia av medlemmene opprekna i § 4, nr. 1. Styret er vedtaksfør når minst to av styremedlemmene er til stades. 
Styremøte skal haldast så ofte ein av styremedlemmene finn det nødvendig. 
 
Saker av mindre betydning, eller saker som må behandlast raskt (til dømes tiltak i samband med teleløysing), kan avgjerast av leiaren åleine. Slike avgjersler skal refererast i fyrste styremøte. 
2. Etter retningsliner frå årsmøtet skal styret:
  • Arrangere årsmøte, leggje fram årsmelding og framlegg til budsjett og arbeidsplan for inneverande år.
  • Søkje kommunal godkjenning av avgifter for bruk av vegen, jf. veglova § 56. 
  • Fylgje opp drifta gjennom året. 
  • Vedta kven som skal få arbeidet med vedlikehald og brøyting av vegen, godtgjersle og vilkår knytt til dette. 
Det skal førast protokoll for styremøta. Protokollen skal vera undreteikna av styremedlemmene og sendast alle medlemmene i laget. 
§ 10. LEIAR I LAGET 
  Leiaren i laget blir vald for tre år om gongen. 
Leiar er ansvarleg for at vegen er i slik stand at den tener føremålet bestemt i § 3. 
Leiaren skal: 
  • Inngå avtale med entreprenør for vinterbrøyting, vedlikehald og eventuelt opprustning av vegen i samsvar med årsmøte- og styrevedtak. 
  • Krevje innbetaling av avgifter.
  • Sørgje for ordna føring av rekneskapen og revisjon. 
  • Hindre ufornuftig bruk av vegen ved å regulere eller stoppe køyring i kortare eller lengre tid, til dømes under teleløysing og i regnperioder.
  • Nekte bruk av vegen ved manglande betaling.
  • Nekte bruk av vegen for medlemmer som ikkje retter seg etter vedtektene og gjeldande vedtak.
  • Avtale bruk av vegen med andre enn medlemmer dersom det er behov for det. 
  • Melde laget inn i aktuelle register. 
  • Gjennomføre andre saker som blir pålagt av årsmøtet eller styret.
  • Legge fram for styret forslag til arbeidsplan og budsjett.
§ 11. GODTGJERSLE
Leiar, jf. § 10, skal ha ei arbeidsgodtgjering for det arbeidet han/ho utfører. Beløpet skal indeksregulerast kvart år. Dersom det er grunnlag for det, kan styret auke godtgjersla, jf. § 7.4. 
 § 12. UTBEDRING AV VEGEN
1. Varsel
Leiar er pliktig til å varsle aktuelle grunneigarar i rimeleg tid før vegarbeid, blir sett i gang.
2. Grus
All grus som blir teke utanom veglina – etter avtale med grunneigar – skal betalast etter vanlege satsar for sams masse i distriktet. I mangel av semje om denne prisen, skal prisen fastsetjast etter § 18.
§ 13. VEGAVGIFT (BOM-, SESONG- OG TILKNYTNINGSAVGIFT)
1. Bomavgift. 
Bomavgift skal godkjennast av Etnedal og Nord- Aurdal kommune, jf. veglova § 56. 
2. Sesongavgift
Sesongavgift bestemmer årsmøtet. 
3. Tilknytningsavgift
Tilknytingsavgifta er ei eingongsavgift og gjev ingen andel i vegen. Tilknytningsavgifta skal betalast når medlem nemnt i § 4, nr. 1 og nr. 2.1 sel eller festar bort nye hyttetomter. Det medlem som sel/festar bort tomter, er ansvarleg for å betale inn avgifta til laget.
4. Særskilt avgift
Nødvendig transport som må skje i periodar då styret har avgrensa bruken av vegen – jf. § 10, kan avtalast med leiar mot særleg avgift og på særlege vilkår. Likeins kan det avtalast særskilt avgift for bruk av vegen i andre samanhengar, til dømes tømmertransport for ikkje medlemmer, bruk i samband med jakt og anna. 
§ 14. BRUK AV VEGEN
Transport må ikkje skje når det kan vera fare for skade på vegbane, stikkrenner eller grøfter.
Det er forbode å leggje tømmer eller anna trevirke inn i vegbanen, i veggrøfter, på møte- eller snuplassar. Kvist og anna hogstavfall må straks fjernast frå slike stader. Det må visast spesiell varsemd ved nedbaring av bekkar utanfor vegområdet.
Skade på vegbane og stikkrenner som skuldast transport, skogsdrift og anna skal utbetrast straks. Dersom utbetring ikkje skjer, vil § 15 bli gjort gjeldande.
Kjøring med ATV og motocross er ikkje tillat på vegen eller på grunnen til 103/21 eller 137/2. Kjøring med ATV er likevel tillatt for grunneiers næringsformål eller ved transport av vilt.
§ 15. ANSVAR FOR SKADER
Medlemer og andre som brukar vegen og som ikkje held seg til vedtektene eller rettar seg etter pålegg frå leiar, er sjølv ansvarlege for skader dei slik påfører vegen. Dersom skader ikkje blir tilfredsstillande utbetra, kan leiar få utført utbetringa for medlemet/brukaren si rekning.
§ 16. OVER – OG UNDERSKOT
Driftsunderskot må dekkjast av medlemene i § 4, nr. 1 og utliknast i samsvar med partshøvet i laget – jf. § 4, nr.1. Eventuelt driftsoverskot skal gå til oppbygging av fond for vedlikehald og eventuell opprustning av vegen etter at eventuelt driftunderskot som tidlegare er dekka, er tilbakebetalt.
§ 17. VEDLIKEHALDSKOSTNADER /INVESTERINGAR
Vedlikehaldskostnader og kostnader med andre vedtekne investeringar, skal så langt som råd dekkast ved bruk av avgift etter § 13. Manglande midlar kan finansierast ved lån. 
§ 18. TVISTAR
Tvistar mellom veglaget og medlemmene eller mellom medlemmene innbyrdes om forståinga og gjennomføringa av desse vedtektene, skal avgjerast ved voldgift. 
Ved friviljug voldgift, fungerer skogbruksansvarleg for skogbrukssaker i Etnedal som voldgiftsmann. 
I mangel av semje, oppnemner kvar av partane ein voldgiftsmann og sorenskrivaren i Valdres ein tredje som formann. Dersom nokon av partane ikkje har oppnemnt voldgiftsmann innan 14 dagar etter motteke varsel om det, oppnemner sorenskrivaren også denne.
§ 19. UTMELDING
Det er ikkje høve til å melde seg ut av laget. Medlemer som er opptekne etter § 4, siste avsnitt kan likevel melde seg ut. Dei har i tilfelle ikkje krav på å få att betaling for andel eller del av veglaget sin formue. 
§ 20. ENDRINGAR
For å endre desse bruksordningsreglane krevst at medlemmene opprekna i § 4 nr. 1 stemmer for. Vedtektsendring kan ikkje skje før 3 år etter at denne saka er rettskraftig. 
Unnateke er §§ 3, 19 og 20 som ikkje kan endrast..
Endring av § 4 kan berre gjerast ved vesentleg omlegging eller forlenging av vegen, bygging eller opptak av nye sidevegar og andre forhold som i vesentleg grad endrar føresetnadene for andelsfordelinga. Endringa skal i tilfelle vera i forhold til nytteverdien etter omlegginga. Dersom det ikkje blir semje om fordelinga, skal spørsmålet avgjerast etter § 18 eller også kan bringast inn for jordskifteretten etter jordskiftelova eller som skjønn etter veglova. 

Vedtekter i pdf versjon oppdatert 2019

VEDTEKTER_14.06.2019

UA-75775257-1